I dag har vore ein svært så lærerik dag. Dagen begynte med jobbing i arbeidsgruppene våre, og eg må seie eg er nøgd med gruppa eg har kome i! Saman med Tina og Tonje, to alletiders jenter, las vi elevtekstane høgt for kvarandre og kom med innspel som kan vere med å gjere teksten enda betre! :)
Etter ei av dei betre øktene i arbeidsgruppa hadde vi besøk av ei nokså triveleg dame. Henriette har teke ein doktorgrad i norsk og verkeleg fordjupa seg innenfor den grammatiske verda. Temaet for i dag var MORFOLOGI. Morfologi er læren om morfem og omhandlar fire viktige tema i grammatikken:
1. Korleis ord er bygd opp
2. Korleis ord bøyast
3. Korleis ord blir til / dannes
4. Korleis ord deles i ordklasser
Her kjem nokre bilder eg har teke i forbindelse med laginga av trea våre. Desse trea har både rot, stamme og greiner, men ikkje noko lauv eller nåler. Trea kan ha småkvistar kalla "fuge"og denne typen kvist gjeld berre for "ekstrabokstavar" som for eksempel "s" i ordet "solskinnSdag"
Det kan vere vanskeleg å få taket på kva eit morfem er, og eg må seie eg har undra på i kva for nokre samanhengar eg kjem til å bruke det nokre spesielle ordet "morfem" i seinare tid. Eg kan endeleg seie er klarar å seie og ttale ordet riktig, noko eg overhodet ikkje mestra tidlegare i dag. Morfem, morfem, morfem..
Morfem er inndelt i forskjellege kategoriar og for å sjå om kor mange morfem eit ord består av har vi lagd morfemtre. .
Ha ein finfin natt og søv godt! Vi sjåast til nok ei norskøkt i morgo :)